Historia til selskapet går tilbake til 1959, då Martin Lid & Co vart starta av Ingjerd og Martin Lid.

Dei starta opp med sal av trelast og byggjevarer under enkle forhold i ei leigd brakke på området til Voss Cementvarefabrikk. I dei første åra etter oppstarten leverte dei også sand og pukk frå sandtak i Kyrkjeteigen. Mesteparten av arbeidet vart i fyrste omgang utført for hand, utan løftehjelp som truckar og liknande. Varer til lager kom med godstog og måtte hentast manuelt på Palmafossen stasjon.

I 1980 flytta bedrifta i eigne lokale der me held til idag. Her fekk me stort lager, butikk og uteplass på eit plan. Her har det vore gradvis utbygging og oppgradering av fasilitetane for å fylga auka omsetting, trendar og utvikling i byggevarehandelen.

LIDHYTTA byrja me å levera i 1975, dei står det manga av i Vossafjella og nabokommunane.

Aksjeselskapet Martin Lid Trelast AS vart oppretta i 1990 og i 2010 vart bedrifta medlem av byggevarekjeda Byggtorget.